Telefon: 56 58 63 73
Telefaks: 56 58 65 01
Om kirken
Kort: Samnanger kirke, Ådland - langkirke bygd i 1851 i tømmer med 250 plasser. Restaurert 1885, 1908. Midhordland prosti. Samnanger kommune. Arkitekt: Grønning, Andreas.
Lengre informasjon: Samnanger kyrkje ligg på Ådland, ein stad der det har vore kyrkjer i over 800 år! Alt i siste halvdelen av 1100-talet, reknar me med at det vart bygd kyrkje på Ådland. Dette var ei lita stavkyrkje, som stod litt nærare sjøen enn den me har no. Me har tre ting som truleg har vore i denne kyrkja: Eit lite, emaljert krusifiks laga i Limoges på 1200-talet, ein frontale frå 1315 som no er på Historisk museum i Bergen og nokre små glasmåleri laga i 1614.
I 1652 stod ei ny kyrkje ferdig, på staden der kyrkja står no. Denne kyrkja var lang og smal, vel 18 meter lang og 8,5 meter breid. Innvendig var ho måla med ranke-dekorasjonar. Me har fleire eignalutar frå denne kyrkja, både nattverdskalk frå 1500-talet, altartavle frå 1743, Bibel frå 1749, dåpsfat, lysestakar, m.m.
Kyrkja me har no, er bygd i 1851. Arkitekt Andreas Grønning har gjeve kyrkja ei sermerkt Basilika-form. Sideskipa med dei skrå veggene, gjev kyrkja ei tilnærma åttekanta form! Søyler og små glasruter høgt oppe på veggane i hovudskipet minnar om stavkyrkjene. Kyrkja er lafta opp til takhøgda på koret, resten er i reisverk og ståande innvendig panel. Sjølv om dei til å byrja med ikkje hadde galleri i kyrkja, rekna dei å kunne plassera 428 kyrkjelydsmedlemer der! 27 av dei var rett nok på ringjeloftet og 18 i koret, men no reknar me at kyrkja er full med omlag 250 personar... Kyrkja har vore pussa opp fleire gongar, no sist utvendig i 2009 og inne i 2001. Ei større vøle som vart gjort til 100-årsjubileet i 1951, gav ho det preget ho no har innvendig. Altarbilete me har no, er måla av Lars Osa og er ein kopi. (Orginalen av Plockhorst/ G. Richter.) Orgelet me har no, er laga av danske Bruno Christensen i 1983. Det har 17 stemmer. Sjølv om me no har ei kyrkje til i bygda, er det gudsteneste på Ådland omlag annakvar søndag. Dei fleste dåpar og vigsler i bygda går føre seg her. Me har også konfirmasjon og ulike konsertar i denne kyrkja kvart år.
Har du mer informasjon om denne kirken?
Send oss en e-post!